søndag 28. april 2013

Kvitveis

Masse glede og gode minner i dette bilde. Den søte vasen, gjessene og vanntønna har eg arva etter ei kjær mamma, som gjekk bort i november. Mamma hadde ein fantastisk fin hage. No skal disse tingene pynta opp i min hage .  Det gjer godt å sjå at mine barnebarn finn glede ved denne ' kjelda'.    No er vasen fylt  med vårens finaste blomar -  kvitveis.


                                                             

fredag 26. april 2013

Høst eller vår ?


Når våren lar venta på seg ute - så maler eg høst inne . Årstidene har visst gått i surr for meg.

søndag 14. april 2013

Syrin

Syrin er ein av våre eldste prydbusker. Denne busken var vanlig i mange hager før i tida. Syrin setter mange rotskudd. I 'gamle dager'  kunne man ikkje gå på hagesenter og kjøpe planter og busker.  Då blei nok syrin spredd rundt frå hage til hage med slike rotskudd. Ennå i dag kan me  finna syrinkjerr rundt gamle husmannstufter.
Mange husker nok koselige  besøk i bestemor/oldemors  hage. Det var sommer når syrinen sto i full blomst. Tenk deg eit hagebord dekka med koselige kopper og godt bakverk , og sjølvsagt
 duftende syriner i vase.

I dag finns det mange sorter. Trendy å plante slike gammeldagse prydbusker for tida.

Dei er enkle å få til. Kan plantes heile sesongen i næringsrik jord på ein solrik plass. Liker lett kalkholdig jord.

Syrin vulgaris 'Sensation'

Ænesdalen Kvinnherad



Våren er på vei, men ennå noko is på veien inn Ænesdalen. Lørdag gjekk me til Ænessetra og vidare inn dalen. Flott og lett turterreng. Me kjem nok tilbake her litt seinare i år. Ennå er det ingen tegn til nye spirer - berre brune bakkar og tele i jorda. På veien møtte me tre nydelige hestar. Dei kosa seg nok i vårsola.  Ingen mat å finna enno.

fredag 5. april 2013

Lavendel og humler

 
 
Lavendel er ei av dei plantene eg liker best. Håper dei har klart seg gjennom denne tøffe vinteren.
Moseplassen hadde eit fint innlegg om humlevennlige planter om våren. Lavendel blomstrer seinare på året, men humlene elsker busken. Plant lavendel dette året !!!!   

torsdag 4. april 2013

Skitur etter påske





Sol frå klar himmel.  Løypene var perfekte og eg hadde heile skiløypa for meg sjølv !! Så stille og fint. Det var berre skuggen som var med og sjølvsagt Kaisa. (hunden) Påsketuristane hadde laga mange fine snøbenker - eg kunne berre velja og vraka. Kaffien frå termosen smaka heilt perfekt.
Trur jammen eg må ta ein tur i måro og. Lørdag er det visst slutt på finaværet.


Tap for all del ikke lysten til å gå.

Jeg går meg til det daglige velbefinnende

og går frå enhver sykdom.

Jeg går meg til mine beste tanker, og kjenner

ikke en tanke så tung, at man ikkje kan gå fra den.

Når man slik fortsetter å gå, så går det nok.
                                                                      Søren Kirkegaard

onsdag 3. april 2013

Kornblomst

I dag har eg prikla og prikla.Kornblomstplantene  var blitt litt for lange. Men eg 'krølla' dei ned i nye potter med god jord. Så krysser eg fingrane og håper det går bra denne gongen og. Kornblomst treng ikkje forkultivering, kan såes direkte ute. Dei blomstrer då litt seinare. Kornblomst er  enkel å få til. Plant mange sammen -  då støtter dei kvarandre. Er litt sein med tomatplantene mine i år. No venter eg på varmegrader om natta slik at drivhuset kan tas i bruk. ( det er visst meldt snø til helga, uff,uff)