søndag 30. september 2012

Musøre - Norges minste tre



Musøre er Norges minste tre.  Det er berre 1 til 5 cm høgt. Om sommaren er den grønn  og du tenkjer ikkje mykje på den når du vandrer i fjellet, men om høsten lyser den opp med sin knallrøde farge.

 
Fjellblokka kallar dei meg òg

Musøyra heiter eg,
fjellmo for sume,
og her i høgfjellet
høyrer eg til,
ei ørlita selje
på berre ein tume
men endå eit tre,
det minste av dei alle,
segjer Linnè.
Kulden er hard her
og vinden stri,
her kan ein kje stå
med kruna vid
og susa som askar
og almar i lid, -
ein lyt gjera seg liten
og krjupa på kne,
det er mykje å vita
at du er til
og at geiter og smale
vil knupsa din ved, -
meg leitar dei etter
mil etter mil,
sogningen
kallar meg smil.

Olav H. Hauge

torsdag 27. september 2012

HØSTFARGER

 
 
Bukett med høstfarger ( Dahlia, rudbeckia ,tagetes og lilje)
 
og dei siste tomatene frå eige drivhus lyser opp på kjøkkenbenken.

onsdag 26. september 2012

September boka Oppdrag Mottro

Oppdrag Mottro

Jakta på gamle dagar

I ti år har Linda Eide ringt mor si. Aldri for å spørja korleis det står til. Alltid for å grava fram noko gammalt som er nytt. For det mora fortel frå Linda sin barndom liknar ikkje på den barndommen Linda sjølv hugsar. Og når mora fortel frå si tid, også kalla gamle dagar, er det frå eit liv Linda aldri var ein del av. Kva var desse gamle dagar? Og kven er mor eigentleg?
I tekst og bilete er denne boka ei vittig og tankevekkande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida. Linda lengtar tilbake til ei tid ho aldri levde i. Mora står trygt planta i ei notid som ikkje er til å kjenna att frå hennar tid.
Tast tast tast. (Ringjer Mottro)
mottro: Ja?
meg: Hei, det er meg.
mottro: Å, er det deg?
meg: Ja. Er det ok for deg om eg brukar
telefonsamtalane våre i ei bok?
mottro: Tja, det er vel greitt, men eg skjønar ikkje
kvifor nokon skulle ville lesa ei slik bok.
meg: Forlaget meiner du gir både notid og fortid
ein ny dimensjon.
mottro: Det er det dummaste eg har høyrt i heile mitt liv.
meg: Eg sa til forlaget at du kom til å seia noko sånt.
mottro: Kva sa dei då?
meg: Dei tykte det passa godt inn.
mottro: Ja ja. Berre hald meg utanfor så godt du kan.
meg: Sjølvsagt. Takk. Hada då.
mottro: Ja, hada då.

Denne boka dukker opp i postkassen min ein av dei nærmaste dagane.

søndag 9. september 2012

Hjertetre

Ingen fjelltur i dag. Gråskodde og lett regn var frukostværet. Jaja, idag får eg vera inne å rydda litt. Støvsuger kom fram ,  etter to - tre rom kikka eg ut. Synest det vart lysare og lysare. Skulle eg ta fram fjellsko alikevel?  Gjorde ikkje det , men tok hagebuksa og støvler på og ut i hagen. Ikkje lenge etter  kom sola fram. Har vore ein nydeleg dag , sjølv om hausten er komen og blomstringa  avtar.
Tomater/ agurker er hausta og drivhuset  rydda.  Fekk besøk av Maya (barnebarn) som spyla golvet i drivhuset. Ikkje lett å spyla og prata samtidig - gjekk ikkje lenge før vannspruten kom rett mot meg. Masse latter og moro !!!!

                                Tok bilde av Hjertetreet om har kledd seg i vakre høstfargar.

mandag 3. september 2012

Lavendel

 
Du bøyer deg  forsiktig i vinden
og kviskrer : berre plukk  deg ein bukett.
 
Din gode  lukt og farge
eg kan ikkje sjå meg mett.
 
Eg plukker  forsiktig nokre strå av di grein,
 
kom inn i mi stove 
 gjer lukta god og rein.
 
- Kari Skår -