søndag 28. mars 2010


Småplanter/ Pluggplanter er potta i jord og sett ut i drivhuset. Må ha varme på om natta -- det er litt for kaldt endå.

Drivhuset blir gjort klar for sesongen -- endeleg vår.

mandag 15. mars 2010

FRØKARAFFEL


Frø som er utgått på dato kan bli ein kjempefin dekorasjon.

DET SPIRER !!

Det er snart tid for prikling. Agurk,tomater og fleire sorter ettårige sommerblomster spirer som berre det. Drivhuset er ikkje klart endå. Snøen ligg langt opp på veggene, så eg må spa det fram snart. Småplantene mine skal ut i den gamle 'brakka' først, før turen går til drivhuset. Gazania-frøene som Trym sådde har spirt nesten 100%. Det blir flotte planter !

tirsdag 9. mars 2010

Trym studerer gazania-frø


Trym og Karibesto sådde mange frø på søndag. Trym sådde Gazania. Trur du besta at blomane blir gule når frøene er gule ?