torsdag 27. oktober 2011

GAMLE MUGGER

Muggesamler og gamle kopper er det noko spennande då? No er hylla mi full, så det er vel på tide å slutte med denne samlemanien. Det begynte egentlig med hylla eg arva frå eit gammalt stølshus som skulle rivast. Dette stølshuset hadde som dei fleste slike ein veldig enkel standar. Interiøret var -- vedovn - ei seng som var spikra fast i veggen - bord med stoler i forskjellige former og på veggen denne hylla som var kjøkkenskapet. Tenk kor enkelt det var i 'gamle dagar'. Likar slike gamle ting eg. Hylla er ikkje noko spesiell , men husk at den har vore med på så mange spennande ting gjennom mange år.. Ja, det er nesten så eg ser det for meg. Besto  har nok vaska opp mange kopper og sett på plass igjen i denne hylla.  Det var ho som  hekla kantbord til meg for mange år sidan. Gode minner !! 

onsdag 12. oktober 2011

HØST I FJELLET

Fargane om høsten er flotte. På denne fjellturen fann eg dette motivet. Synest at steinane også hadde kledd seg i høstfargar. Sol fra skyfri himmel - friskt og klart. Heldige er me som har så flott natur i nærområdet.

søndag 9. oktober 2011

HØSTBLAD I KARUSELL

Dette bilde blei egentlig til når eg snurra rundt med sjølv. Var på skogstur med Maya i dag og skulle ta bilde av 'klatring' i tre. Som alle bestemødre passar me ekstra godt på desse små barnebarna. I det eg skulle ta bilde  var Maya komen litt for høgt opp. Med mobilen i eine handa og Maya i den andre blei dette ein virvelvind i høstskogen.

mandag 12. september 2011

HUNDEDØR TIL HAGESTUE

Når man bygger hagestue med glassdører og har hund som er ute heile dagen i all slags vær, er tingen å lage hundedør med vippefunksjon. Denne vippedøra er montert i veggen inn til hagestua.  Når me er på jobb kan mi kjære Kaisa gå ut når ho vil og inn når ho vil . Har fått god hjelp av min 'handymann' til utskjæring. Så har eg grunna og malt. Om sommaren ( viss været er fint) står skyvedørene åpne og kroken kan brukast til planter som  liker å stå lunt og varmt. ( Dipladenia - Hageynde)

onsdag 7. september 2011

DIKT AV PER SIVLE

                                  

Livet er utrygt i djupaste grunn
vener kan svikta deg,
men aldri ein hund.


onsdag 17. august 2011

HØSTENS GRØDE OG GLEDE

VILL- JORDBÆR



SØT - PAPRIKA
 

PHYSALIS
 No er tida inne for å plukka modne bær og grønnsaker. Sådde frø til villjordbær i vår og no kan eg plukka søte , røde bær. Dette er moro! Tomater plukker eg kvar dag. (dårleg med agurk i år.) Physalis har kjempemasse frukter. Lurer på om det går an å frysa dei ?    
NYT-NORGE !

tirsdag 16. august 2011

TURNISTE

Det er viktig med god niste når ein er på fjelltur. Har dekka 'bordet' med mange godsaker. Stolt av sjølvdyrka tomater. (daddeltomat)

onsdag 10. august 2011

ROSE I SENTRUM

Ein søt rosebukett lyser i mitt vindu. Nå nyter me seinsommaren med blomsterbuketter frå eigen hage. Dette er ei miniatyr -rose som heiter Sea Foam. Små, fylte kvite blomster med ein anelse rosa. Denne rosen kan brukes som bunndekke. Fin også  i verandakasser da vekstformen er bred og litt hengende.

tirsdag 9. august 2011

FROSKER I BADELAND


Nå i august vrimler det av små 'paddebabyer' i hagen vår. Dette vart ein spennande leik for barnebarnet Trym. Han fanga desse små krypene i ei bøtta. Så kom fantasien i gang. Han laga eit 'natur- badeland' for desse små paddene. Dei fekk til og med stupebrett!!!
Han laga små hus med torv på taket av treklosser og hellegang av små steiner. Denne dagen fekk fantasien fritt spillerom. Så kjekt å sjå at barn kan leika uten 'fabrikklaga' leiker. Her var det kun naturlege ting i bruk. Etter mange timar i leik fann han sjølv ut at småfroskane måtte sleppast fri igjen. Timane i 'badeland' var forbi og paddene hoppa ( sikker glade) tilbake til hagen.
Posted by Picasa

tirsdag 2. august 2011

Moltetur langs 'Dronningruta'

På vår ferietur til Nordkapp var me og ein tur til Vesterålen. Fekk plass på Stø Bobilcamp. Flott plass med kjempegod mat. Bestilte oss bord på kafeen ein kveld og åt verden beste kval-gryte med godt tilbehør.
Stø  var utgangspunkt for tur mot Nyksund. (Dronningruta)  Eit nydeleg landskap med  moltemyrer !!..  Ikkje mange var modne, men eg fekk litt i posen min og moltekremen til jul er sikra. Det er nesten så eg gler meg til jul allerede.

søndag 31. juli 2011

Begonia Betulia

Begonia Betulia er ein ny sort begonia.     Dette er første året eg prøver denne sorten, og det blir ikkje den siste. Eg er kjempefornøgd med Betulia i mine altankassar.  Etter tre veker på ferie var eg veldig spent på korleis dei såg ut. Men mine kjekke barn har nok passa godt på dei. Stor klem til dei.

onsdag 8. juni 2011

TRESKULPTUR

Når ein går turar i skogen eller fjellet kan det dukka opp mange rare 'skulpturar' . Dette treet var forma som ein perfekt stol til å plassera bakenden i når nista skulle nytast. Ja, bruken kan vera så mangt !!  

søndag 29. mai 2011

Mount Tacoma i Mai-regn.

Dette er ein dobbel tulipan som blomstrer seint om våren. Mai dette året har vore kald og med mykje regn. Ein fordel med litt kaldt maivær er at tulipanene blomstrer lengre. Men no lengtar alle etter sol og sommar.

lørdag 21. mai 2011

BARBADOS FRYNSETULIPAN


Vinteren har ikkje stelt fint med tulipanene mine. Mange har rett og slett rotna/frose bort. Men dei sterkaste har klart seg. Denne frynsetulipanen med det fine navnet Barbados har blomstra lenge. Den står like fint etter mange dagar med regn og sterk vind. I samme bedet står liljetulipanen Ballerina. Det er den finaste tulipan er veit . Sterk i stilken og fargen lyser opp sjølv om været er surt.



lørdag 30. april 2011

AUTOVERN I TRE

 Gamle tre på rad og rekke skapa ein spennande stemning i vårlyset. Gjekk ein roleg spasertur mot Strandvik i Fusa ein lørdag i mars. Veien var gammal og smal. Desse gamle  kjempene laga eit naturleg autovern. Her var ingen tofeltsvei med stor trafikk, men fuglesang og streif av solstråler som lura seg gjennom trekronene. Me treng alle slike stille stunder i blandt.

onsdag 27. april 2011

HAGEGNOM

Hagenisse/Hagegnom er nokre rare skapninger. Så moro å treffa på desse søte luringane når man pusler rundt i hagen.         http://www.gnomespixiesandmore.com/

tirsdag 5. april 2011

TOMATER FRÅ EIGE DRIVHUS

Dette er bilde frå 2010. Solmodna  tomater og agurker frå eige drivhus smaker aller best. Skal du kjøpa deg drivhus, sats på skikkeleg kvalitet. Helst med fleire takluker som løfter seg automatisk. Det er viktig med god ventilasjon. No er eg godt i gang med årets tomat-sortiment. Fleire nye sortar skal prøvast dette året. Har sådd to sorter sjølv og skal prøva nye sortar pluggplanter frå Botanisk Verden . Daddel-tomat og Jordbærtomat  Berry  er allerede i god vekst. Når det gjelder agurk, er snacksagurk veldig gode. For ikkje å gløyma 'Bella' , topp sort!!

søndag 3. april 2011

søndag 27. mars 2011

Fottur i Kvinnherad


Denne helga vart det bobiltur til Uskedalen. Me parkerte bobilen på Rabben Camping. Lørdag var det eit nydeleg vær. Pakka sekken og gjekk oss ein flott tur mot Mannvatn. Våren var komen her i Kvinnherad. Stien opp lia var heilt bar og me møtte ikkje snøen før høgt oppe. Me kunne gå til fots på skaresnø langt inn på fjellet. Fann oss ein bar flekk og nytte god niste. Kjenner det godt i leggene i dag. Har visst gått mykje på flat mark i vinter.

tirsdag 22. mars 2011

VÅR I LUFTA !!!

No ser eg fram til sommaren med rik blomstring rundt huset og drivhuset fullt av gode tomater og agurker.

tirsdag 1. mars 2011

FRØSPIRER

Så er me i full gang igjen. Frøene spirer for full i 'brakka'.  Var så heldig å få nytt plantelys  (frå mi kjekke syster Anne.) No står spirene så fint. Har senka temperaturen til ca 15 grader slik at spirene ikkje blir lange og tynne. Blir nok prikling om ikkje så lenge. Gleder meg over lyset som er tilbake. No kan me 'danse mot vår'

søndag 13. februar 2011

Frøken Gigant

Her er mitt bidrag til Frøken Solslikk 2011. Dette er en Allium  'Giganteum'


Den største av dem alle, både i høyde og blomst. Stor blomsterkrone, som en ball, med hundrevis av fiolette blomster i juni. God til å tørke. Høyde opp til 120 cm. Dette er et spennende innslag i hagen !!!

lørdag 22. januar 2011

Årets første skitur!




Det er viktig å ha ein god smørjar med på laget.


Utsikt til Tørvikanuten frå Heradstveitstølen.
VAKKERT!


onsdag 5. januar 2011