søndag 26. desember 2010

Det lyser i stille grender

ROMJULSMORO


I dag fekk Kaisa besøk av kvalpen Kaia. Det vart vilter leik i all laussnøen.Trur begge to kjem til å sova godt i natt.

fredag 17. desember 2010

TAGETES I GAMMAL TRILLEBÅRA

Ei gammal rusten trillebåra er fylt med tagetes og blomkarse .No snur sola snart og me kan sjå fram til ein ny blomstrande sommar.

søndag 12. desember 2010

VINTERHIMMEL

'Aftenrød gir morgen blød' Kanskje me får snø?

torsdag 9. desember 2010

Ullkjole med Guro-besto sitt broderi

No er julakjolen ferdig. Tenk eg har ødelagt besto sitt broderi.  Jaja, det kom jo til nytte no. Bedre som pynt på kjolen , enn å liggja gløymt innerst i ein skuff. Trur besto hadde likt detta.

fredag 3. desember 2010

SOLNEDGANG PÅ TENERIFE


Reiste frå det kalde nord til sommarvarme på Tenerife no i november.Gjekk 'fjelltur' til ei lita høgd over Los Christianos og nytte den flotte solnedgangen sammen med gode venner. Her var ingen rim på bakkane,men kaktus , palmer og andre eksotiske vekster.