onsdag 23. januar 2013



Når ei solstråle ligg att og brenn i oss.
Når ein heilt vanleg gråversdag har stjerner over seg. Når nokon har sett at vi er til.
Kanskje var det berre i forbifarten. I travelheten. Eit uventa smil, ein open varme.Kanskje var det ein omfamnelse, kanskje eit sekunds stogg. Nokon som hugsa noko godt, og takka. Nokon som rørte ved oss, kanskje ubevisst.
Vi kjende oss famna inn, kjende oss overdryssa av varme.
Våga sleppa gleda eit ørlite steg lenger fram. Våga kanskje sjølv dryssa stjerner, dela ut varme, gje smil, røra ved…
Måtte vi nøra elden i kvarandre.

(Frå diktboka: Å dryssa stjerner, av Bente Bratlund Mæland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar