torsdag 16. februar 2012

TULIPAN 'Gavota'


x-faktor blomsterutgaven fargemix

Triumph  tulipan 'Gavota' har ein kjempespennande fargekombinasjon. Her har vi bronse/purpur med kanter i kvitt til gult. . Høgd på desse skal vera ca 45cm, men ikkje veit eg korfor mine er så forskellige ? Her er variasjon frå 30- 60cm. Men slik er me menneske og. Nokre er høge og andre er små. Det er fint det !
Eg er ikkje flink å ta vare på tulipanløker etter blomstring. Ofte  havner  dei der eg legg hageavfall gjennom sommaren. (kompost) . Trur noken koser seg der gjennom ettersommaren og høsten, tar til seg næring og går i dvale. Når lyset og varmen kjem tilbake neste vår -  hender det at tulipaner står i blomst der i komposthaugen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar