tirsdag 9. august 2011

FROSKER I BADELAND


Nå i august vrimler det av små 'paddebabyer' i hagen vår. Dette vart ein spennande leik for barnebarnet Trym. Han fanga desse små krypene i ei bøtta. Så kom fantasien i gang. Han laga eit 'natur- badeland' for desse små paddene. Dei fekk til og med stupebrett!!!
Han laga små hus med torv på taket av treklosser og hellegang av små steiner. Denne dagen fekk fantasien fritt spillerom. Så kjekt å sjå at barn kan leika uten 'fabrikklaga' leiker. Her var det kun naturlege ting i bruk. Etter mange timar i leik fann han sjølv ut at småfroskane måtte sleppast fri igjen. Timane i 'badeland' var forbi og paddene hoppa ( sikker glade) tilbake til hagen.
Posted by Picasa

1 kommentar:

  1. Det høyres ut som om du og Trym har hatt ein super duper dag ;) klem frå Evesitt

    SvarSlett