Sukkersøt Astilbe. Nøysom staude som trives i sol og skygge. Plantet den i fjor vår og blomstret allerede første året. Kan bestilles hos Zimtrade AS |
onsdag 27. februar 2013
Astilbe 'Sister Theresa'
mandag 25. februar 2013
Snøleik
søndag 24. februar 2013
Pyntekorg Cosmos bipinnatus
Dahlia og Cosmos |
Ein sommerblomst som er enkel å få til. Så inne i mars. Då vil du få tidlig og lang blomstring. Pyntekorg blir ganske høge ( 60/100cm) og passer fint i rabatter. Liker du fargerike blomsterbed om sommaren, er det lurt å plante sommerblomster sammen med stauder. Eg har brukt slik sammenplanting i mange år . Staudene danner tyngdepunktet, så kjem sommerblomstene strødd innimellom.
fredag 22. februar 2013
Skitur til Steinskvanndalen
I dag måtte eg berre på skitur. Sol frå nesten skyfri himmel. Fantastisk flott!! Turen gjekk til Steinskvanndalen.
http://www.bof.no/Info/turkart_kvamskogen-tekstdel.pdf
Løypene var knallharde heilt nede, men når eg kom litt opp var det berre heilt perfekt. Kaisa var sjølvsagt med. Dette året er me like gamle - tenk det ! Me kan jo diskutera om 'kondisen' er lik. Trur nok Kaisa er litt sprekare enn meg, men ein god turkamerat viser alltid hensyn og trasker på i mitt tempo. Me spring ikkje me, men stopper ofte for å nyta naturen og det fine været. Stille og lite folk å sjå. Oppe i Steinskvanndalen fann me oss ein koseleg plass for å nyta nista. Nedturen gjekk fint. Siste bakken var så bratt og isete at eg tok skiene av. Risikerer ikkje beinbrot no like før våren kjem med nye hagegleder. GOD HELG

Abonner på:
Innlegg (Atom)