onsdag 27. februar 2013

Astilbe 'Sister Theresa'

Sukkersøt Astilbe. Nøysom staude som trives i sol og skygge.
Plantet den i fjor vår og blomstret allerede første året.
Kan bestilles hos Zimtrade AS

mandag 25. februar 2013

Snøleik

Her er kakeproduksjonen i full gang.

Resultatet : eit sangkor ?  -  kanskje ein klatrevegg ?
'Det er kaker med pynt på , seier gojentene'

søndag 24. februar 2013

Pyntekorg Cosmos bipinnatus

Dahlia og Cosmos



Ein sommerblomst som er enkel å få til.  Så inne i mars. Då vil du få tidlig og lang blomstring. Pyntekorg blir ganske høge ( 60/100cm) og passer fint i rabatter. Liker du fargerike blomsterbed om sommaren, er det lurt å plante sommerblomster sammen med stauder. Eg har brukt slik sammenplanting i mange år . Staudene danner tyngdepunktet, så kjem sommerblomstene strødd innimellom.

fredag 22. februar 2013

Skitur til Steinskvanndalen

I dag måtte eg berre på skitur. Sol frå nesten skyfri himmel. Fantastisk flott!! Turen gjekk til Steinskvanndalen.
http://www.bof.no/Info/turkart_kvamskogen-tekstdel.pdf





Løypene var knallharde heilt nede, men når eg kom litt opp var det berre heilt perfekt. Kaisa var sjølvsagt med. Dette året er me like gamle - tenk det !  Me kan jo diskutera om 'kondisen' er lik. Trur nok  Kaisa er litt sprekare enn meg, men ein god turkamerat viser alltid hensyn og trasker på i mitt tempo. Me spring ikkje me,  men stopper ofte for å nyta naturen og det fine været. Stille og lite folk å sjå. Oppe i Steinskvanndalen fann me oss ein koseleg plass for å nyta nista. Nedturen gjekk fint. Siste bakken var så bratt og isete at eg tok skiene av. Risikerer ikkje beinbrot no like før våren kjem med nye hagegleder.   GOD HELG